Språkpolitikk i Noreg

I dag er det 125 år siden at Norges Storting vedtog “jamstillingsvedtaket” som sidestillede nynorsk og bokmål.

Norske kommuner der har nynorsk (blå) hhv bokmål (blå) som officielt sprog.
De fire norske hoveddialekter: nordnorsk (gul), trøndersk (mørkeblå), vestlandsk (rød) og østlandsk (lyseblå). (Kort: Wikipedia)

”Dansketida”

Rundt 1450 var det gamle norske (norrøne) skriftsspråket daudt, ingen kunne det lenger, og det var dansk (og delvis svensk) som vart brukt i dokument og brev. Dansk tok fullstendig over med innføringa av reformasjonen like før 1540.

Det danske skriftspråket låg langt frå dei norske talemåla. Dansken var i praksis halvveges uforståeleg. Dei norske dialektane levde ganske uforstyrra vidare. Difor kom tida mellom 1500 og 1800 til å bli ein relativt stabil periode for norsk språk. Dialektane utfalda seg fritt, utan sterke påtrykk utanfrå.

Situasjonen i Noreg like etter at unionen med Danmark var slutt, var såleis at nesten alle snakka ei eller anna form for dialekt. Rett nok var det eit lite mindretal som hadde utvikla ein slags danskbasert ’danned dagligtale’, men dette spela ei marginal rolle. Paradoksalt nok kan ein seia at takka vere dansketida hadde Noreg bevart eit langt større og meir levande dialektmangfald enn nabolanda Danmark og Sverige.

Men var ’dansketida’ slutt i 1814? Nei, ho heldt fram til etter 1900. Som hundreår kan 1800-talet i Noreg oppsummerast slik: landet var i politisk union med Sverige samstundes som det var ein kulturprovins under Danmark. Det har aldri vore skrive så mykje og så korrekt dansk i Noreg som i tida mellom 1814 og 1905. (For skam skuld kunne ein vanskeleg kalla språket dansk og vera i union med Sverige, så den vanlege omtalen på 1800-talet var ’det almindelige bogsprog’!) Bibelen kom først på riksmål i 1904. Noreg vart dermed det siste landet i Europa som fekk Skrifta på morsmålet.

Den 31. desember 1924 vart den norske avdeling av Gyldendal forlag i København kjøpt heim, og dette var òg den siste dagen at hovudstaden hadde namnet Kristiania.  Med litt rett hevdar eg difor at ’dansketida’ varte til 1925.

Nytt norsk skriftspråk – to variantar!

Då landet skulle atterreisa eit eige skriftsspråk i siste delen av 1800-talet, vart det – som alle veit – ikkje eí løysing, men to. Nemningane vart riksmål og landsmål. Omgrepa skal tolkast nær synonymt, sidan poenget er ’mål’ for ’riket’ og ’landet’. (Dette er det grunn til å presisera, for det finst mange som trur at begrepet ’landsmål’ tyder språket for dei som bur ’på landet’!)

No hadde ikkje landsmål og riksmål meir enn kome opp i ståande stilling før debatten om å føra dei i hop melde seg. Arne Garborg og Moltke Moe var mellom dei førande rundt 1900 som tala om at ’eitt samnorsk språk’ måtte vera målet. Noko seinare ivra både Fridtjof Nansen og Didrik Arup Seip om det same. Samnorsktanken låg nok sterkt inne som føring i det som vart den store rettskrivinga i 1917. Då skjedde det historisk skilsetjande at ein del former vart introduserte i riksmål og landsmål som var identiske (til dømes boka.) Men det var, vel å merka, som valfrie former. For ved sida av dei ’samnorske’ formene hadde ein stadig dei tradisjonelle formene (boken i riksmål, boki i landsmål).

Dermed hadde den typiske norsk normeringspolitikken på 1900-talet kome til uttrykk i ei stortingsbehandling – prinsippet om tilnærming (mogelege fellesformer) og prinsippet om valfridom (demokratisk motivert).

Tjuetalet kom til å bli prega av mykje etterdønningar etter den opprivande debatten i Stortinget i samband med 1917-rettskrivinga. Eit av resultata var at Stortinget fann dei ville skifta namn på dei to skriftvariantane, så i 1929 vedtok dei bokmål og nynorsk som dei to nye offfisielle namna. Nynorsk tok relativt raskt over for ’landsmål’ i daglegtalen, medan ’riksmål’ stadig i 2009 blir halde i hevd som nemning av eit lite fleirtal, særleg av dei bokmålsskrivande som helst vil bruka tradisjonelle skriftformer.

Overskrifta for målstriden i Noreg mellom 1900-2000 kan summerast opp med den kjende russiske romantittelen Krig og fred. ’Krigen’ om riksmål og samnorsk og nynorsk prega språkdebatten like fram til etter krigen – ja, hadde faktisk si mest brennande tid på 1950-talet. Tilhengarar av riksmålet brende skulebøker (med folkelege bokmålsformer) på fortaua i Oslo.

Tidskiljet 1970

Det språkpolitiske klimaet endra seg rundt 1970. Stortinget bestemte at tvungen tilnærming mellom bokmål og nynorsk ikkje skulle skje, og ved overgangen til det nye tusentalet rådde det (relativ) språkfred i landet.

Etter år 2000 er det nye problemstillingar som står fremst i språkpolitikken.

Ivar Aasen (1813-1886), skaberen af nynorsk
Ivar Aasen (1813-1886), skaberen af nynorsk (Wikipedia)
Knud Knudsen
Knud Knudsen (1812-1895), modstander af nynorsk. (Wikipedia)

Oppsummert: språkkampen i Noreg hadde eit nasjonalt utgangspunkt, og dette utgangspunktet dominerte debatten fram til 1917-rettskrivinga.  Frå 1850-åra og framover stod  ’Aasen-løysinga’ (landsmålet) mot ’Knudsen-løysinga’ (riksmålet) når det gjaldt korleis landet skulle atterreisa eit norsk skriftspråk. Frå 1917 til 1938-rettskrivinga (og dermed i praksis fram til midten av 1900-talet) hadde rettskrivingsdebatten heilt klart ei anna vinkling, nemleg det demokratiske grunnlaget. ’Folkeformer’ – i motsetnad til ’tradisjonelle former’ (riksmålet) – var honnørordet for fleirtalet på Stortinget i heile denne perioden. (Venstre først og deretter Arbeidarpartiet hadde regjeringsmakta heile denne perioden.) Mange som kjenner debattane i Noregs Mållag vil kjenna att dei to termane ’den nasjonale lina’ og ’den sosiale lina’. Desse to uttrykka står for det same, og dei formidlar essensen i utviklinga frå 1860 til 1960.

Norske kommuner der har nynorsk (blå) hhv bokmål (blå) som officielt sprog.
Norske kommuner der har nynorsk (blå) hhv bokmål (rød) som officielt sprog.

Situasjonen i mellomkrigstida var slik at nynorsken voks så kraftig i oppslutnad at ein i tida før 1940 ikkje kunne vera sikker på korleis ’språkstriden’ kom til å enda. (På tretti år hadde nynorsken gått frå i praksis null til over 30 % oppslutnad.)

Snunaden kom på femtitalet og utover.  På syttitalet hadde sentralisering og urbanisering redusert nynorskprosenten i skulane til 17 %, men etter den tida har forholdet mellom nynorsk og bokmål endra seg forholdsvis lite. Trass i utstrekt sentralisering og mange samanslåingar i samfunnet låg oppslutnaden i 2009 stadig på 13 til 14 %. ’Nynorskland’ i Noreg no er i hovudsak fjordane i Vest-Noreg, pluss ein del av fjelldalane mellom aust og vest. Nynorsken kan seiast å liggja i ’stabilt sideleie’ – pressa, men likevel relativ trygg.

På totusentalet er det er ei utbreidd oppfatning at ’pasienten’, det norske språket i sine to skrivne variantar, treng ro.

Utfordringar i normering av norsk

Rettskrivinga i Noreg har sidan 1917 vore basert på to berande prinsipp: prinsippet om valfridom og (som ein logisk konsekvens) prinsippet om demokrati. Med det meinest at valfridomen – som er systematisk gjennomført både i nynorsken og bokmålet – skal tena eit demokratisk føremål. Når det er ulike skriftformer å velja blant (fremtiden eller framtida i bokmål, til dømes, og framtida eller framtidi i nynorsk), så kan kvar og ein velja seg ein skriftnormal som legg ganske nær det talemålet ein har. (Dessutan var det òg uttalt politikk frå 1917 og femti år frametter rettskrivingsendringar burde føra dei to skriftvariantane av norsk nærare saman, den såkalla ’samnorskpolitikken’.)

I eit internasjonalt perspektiv må ein seia at Noreg fortonar seg som eit språkpolitisk laboratorium. Mange internasjonale lingvistar, til dømes engelskmannen Peter Trudgill, hevdar at viljen til å minska einsrettinga i norma og avstanden mellom tale og skrift, nærast er mønstergyldig.

På den andre sida må det vera tillate å spørja om ikkje valfridomen i former og dermed manglande fastleik i den skrivne standarden rett og slett fører til at skriftspråket (skriftspråka) ikkje utviklar den styrken som alle funksjonelle skriftspråk er så avhenging av. Kanskje er det slik i språkverda at ein ikkje kan få både i pose og sekk – at ein ikkje kan få både demokrati og styrke? Anten ein vil eller ei, blir ein dregen i den eine eller andre retninga. Det er vanskeleg å etablere ein politisk kurs som ligg midt imellom. Og då synest det temmeleg klart at Noreg opp gjennom heile 1900-talet har lagt meir vekt på det demokratiske prinsippet (det omsynet at store grupper av brukarar skal kunna finna ’sine’ former og bøyingar i skriftspråket) enn på prinsippet om maksimal styrke.

Den demokratiske kostnaden er tydeleg for alle som vil sjå: Det er stendig små debattar om detaljar i rettskrivinga, og det er inga kollektiv semje hos den språklege eliten om korleis rettskrivinga bør vera. Normsituasjonen er med andre ord svært ustabil – kanskje den minst stabile i heile Europa. Kontrasten til Island, eit land som historisk-sosialt står Noreg svært nær, er slåande. Der har omsynet til språkleg einskap (og dermed styrke) vore rettesnor heile tida, og det er knapt nokon som stiller spørsmål ved dette grunnleggjande trekket i islandsk språknormering.

Rettskrivingshistoria i Noreg gjev rikeleg tilfang for den internasjonale språkforskaren som vil studera føremoner og ulemper med ulike liberalistiske innfallsvinklar på normeringsregime og offentleg språkpolitikk.

Korleis enda det?

Noreg kan tilby eit uvanleg materiale til dei som vil finna ut noko om kva rekkevidd og påverknad språkpolitikken kan ha i eit samfunn. Ein openberr konklusjon på det som har gått føre seg i Noreg, er at reint allment og prinsipielt er det fullt mogeleg å endra språkbruk og språkhaldningar i eit samfunn gjennom sentralstyrt politikk. Men det tek for det første ganske lang tid, og for det andre er det vanskeleg å realisera ambisiøse mål.

Teljemåten – det å telja tal – kan tena som illustrasjon. I 1951 vedtok Stortinget å endra på teljemåten i Noreg. Fram til då talde alle nordmenn slik: toogfemti, femogseksti, niognitti. Stortinget var overtydd om at det engelske og svenske mønsteret (tiarane før einarane) var meir eintydig og funksjonelt i den nye tekniske tidsalderen som var i emning. Den statlege allmennkringkastaren NRK vart pålagd å nytta ’den nye teljemåten’ i alle samanhengar. Femti år etter, på totusentalet, kan me slå fast at teljemåten i stort har slege gjennom. Folk flest, særleg dei yngre (ikkje uventa!) bruker no den nye teljemåten, om enn ikkje heilt konsekvent. Men – det har altså teke eit halvt hundre år å koma dit. Og enno høyrer ein folk nytta den gamle teljemåten innimellom. Ein betinga siger, med andre ord.

Tal er ein detalj i rettskriving og normering. Når det gjeld det verkeleg ambisøse normeringsprosjektet frå mellomkrigstida på 1900-talet, det å føra dei to skriftvariantane saman i ein felles normal (’samnorsk’), er det berre å konstatera at den politikken feila. Fullstendig. ’Samnorsk’ har dei siste femti åra i dei fleste norsk språkøyre fått ein sterkt nedsetjande klang, noko kalleordet ’skamnorsk’ seier alt om. Difor vedtok òg Stortinget i 2003 å sletta formuleringa om ”å føra dei to målformene saman”. Mange sa: ”På overtid!” Det skulle ikkje lenger vera noko politisk mål. Femti år før var det eit uttalt mål for Stortinget.

Totusentalet; nye tider …

Politikken verkar altså å vera avklara. Formelt sett. Men korleis er røyndommen? Korleis utviklar dei to norske skriftvariantane seg? Til det er å seia at bokmålet påverkar nynorsken mest morfologisk. Former som ’drepte’, ’mandag’, ’holdt’, ’tilfeller’ høyrest ofte i standardnynorsken i radio og fjernsyn, endå det er heva over tvil om at dei korrekte formene er ’drap’, ’måndag’, ’heldt’, ’tilfelle’. På den andre sida er det heller ikkje tvil om at nynorsken har påverka bokmålet enormt reint leksikalsk det siste halve hundre året. I ei såpass tradisjonell avis som Aftenposten ser ein i 2010 ord som ’ymse’, ’brått’, ’løyve’, ’stode’, ’vedtak’, ’merknad’, ’trygd’, ’gravferd’, ’rettferd’ – alt saman tradisjonelle nynorskord. Nynorsken har kort sagt overrisla bokmålet med ord. Dei nærsynte ser ikkje det. Berre dei på totusentalet som har ordhistoria inne, ser det.

Konsekvensen av denne utviklinga er at i praksis er dei to skriftvariantane mykje meir like i 2010 enn i 1960. For å ikkje snakka om viss me samanliknar variantane i dag med 1910. Avstanden mellom dei to målformene i dag er ufatteleg mykje mindre enn for hundre år sidan. Faktisk har variantane nærma seg så mykje dei siste hundre åra at viss det held fram i same takt, vil dei to skriftvariantane gli i hop ei god stund før 2100. No er det ingen garanti for at tilnærminga held fram dei neste hundre åra i same omfang som før. Men poenget er at norsk (ironisk nok) er på rask veg mot ein ’samnorsk’ situasjon, trass at den offisielle politikken har parkert samnorskpolitikken.

I 2010 er Noreg eit mykje meir ’normalt’ språkpolitisk land enn det har vore på eit par hundre år. Nordmenn flest diskuterer i dag dei same språkpolitiske spørsmåla som ein diskuterer i dei nordiske nabolanda og i Europa elles. Når det gjeld rettskrivingsendringar og reformer, har stemninga og politikken i Noreg endra seg mykje på totusentalet. No er det eit uttrykt mål å koma inn i eit meir stabilt rettskrivingsleie, med få eller ingen systemendringar i overskodeleg framtid. Rettskrivinga skal få liggja i ro, berre justerast med nødvendig vedlikehald og normering av nye ord og uttrykk. Også på det punktet er situasjonen i Noreg i ferd med å normalisera seg i forhold til naboland og andre europeiske land.

Sylfest Lomheim
direktør i Norsk Språkråd

2 kommentarer

  1. “Rundt 1450 var det gamle norske (norrøne) skriftsspråket daudt” – njae, väl inte på Island? Frågan är om inte isländskan än i dag är den norskaste norskan.

  2. Gunnar Gällmo: Det er da det gamle danske sprog, der er overlevet på Island, “dansk tunge” 😉

Skriv kommentar

Din e-mailadresse vil ikke blive publiceret. Krævede felter er markeret med *